Frankrike krev klare ønske frå britane

Frankrike truar med å sende Storbritannia ut av EU utan avtale viss dei ikkje legg fram ein ny brexitplan før EU-toppmøtet neste veke.
utenriks

«Utan klarleik er det ikkje mogleg å finne ei løysing», heiter det frå president Emmanuel Macrons kontor.

Britane må legge fram ein «klar og ny alternativ plan», åtvarar den franske presidenten. Viss ikkje må Storbritannia gå ut av EU utan avtale.

Tyskland held fast på at ballen no er hos britane.

– Det er klart at det neste skrittet, det neste forslaget om korleis vi skal gå fram, må komme frå Storbritannia, seier Steffen Seibert, som er talsmann for statsminister Angela Merkel.

Han spår intens diskusjon om brexit på toppmøtet, der stats- og regjeringssjefane skal ta stilling til om skilsmissa skal utsetjast.

(©NPK)