New Zealands statsminister: – Ein av dei mørkaste dagane i landet vårt

Dette er ein av dei mørkaste dagane i New Zealands historie, seier statsministeren i landet Jacinda Ardern etter skytinga i to moskear i Christchurch fredag.
utenriks

– Det som har skjedd her er ei ufatteleg valdshandling. Det er ein av dei mørkaste dagane i New Zealand, seier Ardern på ein pressekonferanse.

– Mange av dei som er ramma av denne skytinga, kan ha innvandrarbakgrunn eller kan til og med vere flyktningar. Dei har valt å gjere New Zealand til heimen sin og New Zealand er heimane deira. Dei er oss. Personen bak denne valden, er ikkje oss. Denne personen har ingen plass i New Zealand, seier ho.

(©NPK)