20 år sidan Nato bomba Serbia

I helga markerte både Serbia og Kosovo at det er 20 år sidan Nato greip inn i konflikten på Balkan og bomba serbiske mål.
utenriks

Nato gjorde seg skuldig i eit lovbrot då dei bomba Serbia, og vi vil aldri slutte oss til alliansen, sa Serbias president Aleksandar Vucic søndag. Då var det nøyaktig 20 år sidan den nordatlantiske forsvarsalliansen innleidde ei 78 dagar lang bombing mot Serbia og Montenegro – dei siste restane av Jugoslavia – for å stanse blodbadet som gjekk føre seg i Kosovo.

– 2.500 sivile døydde, 79 av dei barn, ruineringa av landet og øydeleggingar for titals av milliardar dollar, vil for oss alltid vere eit lovbrot, sa Vucic under ei markering i Nis, 250 kilometer sør for den serbiske hovudstaden Beograd.

Pressa Milosevic

Offensiven var ein reaksjon på det Nato såg på som ein overdriven hardhendt innsats mot det albanske opprøret i Kosovo. Til slutt kapitulerte den serbiske leiaren Slobodan Milosevic og gav dei væpna styrkane i landet ordre om å trekke seg tilbake frå området. Dette skulle på sikt bane veg for Kosovos sjølvstendefråsegn i 2008.

Litt over halvparten av FNs medlemsland anerkjenner Kosovo. Noreg gjorde det i slutten av mars 2008.

Vendepunkt

Blant dei etniske albanarane i Kosovo vart 20-årsdagen òg markert – med positivt forteikn.

President Hashim Thaci, som var den politiske representanten til opprørarane omtaler 24. mars, då bombinga starta, som ein «storslått og strålande dag».

– Den dagen for 20 år sidan vart eit vendepunkt. Folket vårt vende blikket mot himmelen og sa «det finst ein gud», sa statsminister Ramush Haradinaj, ein tidlegare opprørskommandant.

(©NPK)