Baby døydde etter mislykka omskjering i Italia

Ein fem månader gammal gut døydde etter ei mislykka omskjering heime i Italia. Foreldra blir etterforska for aktlaust drap, ifølgje lokale medium.
utenriks

Det var foreldra til guten, som opphavleg er frå Ghana, som utførte omskjeringa heime i Sandiano nær byen Reggio Emilia. Guten byrja å blø kraftig, og hjartet stoppa. Han vart erklært død på sjukehuset i Bologna.

I desember vart ein 66 år gammal mann arrestert etter at ein to år gammal gut døydde i samband med omskjering i ein by nordaust for Roma. Tvillingbroren til guten vart alvorleg skadd. Helseminister Giulia Grillo gjekk den gongen it og åtvara foreldre mot å utføre ulovlege omskjeringar.

– Helsa til barna er viktigare enn noko anna, skreiv ho på Facebook.

Moskeen i Roma bad òg foreldre ta med barna til sjukehus dersom dei ønskte å omskjere dei.

(©NPK)