Mays avtale manglar framleis støtte

Statsminister Theresa Mays brexitavtale har framleis ikkje tilstrekkeleg støtte i Underhuset til at ho vil legge han fram for ei tredje avstemming.
utenriks

– Eg meiner framleis at riktig veg framover for Storbritannia er å gå ut av EU så snart som mogleg med ein avtale, sa May i Underhuset måndag ettermiddag.

– Men det er med stor sorg eg har måtta konkludere med at det framleis ikkje er tilstrekkeleg støtte i Underhuset til å legge avtalen fram for ei tredje avstemming, heldt ho fram.

(©NPK)