Nike fekk bot på 120 millionar frå EU

Amerikanske Nike har fått ei bot på 120 millionar kroner for brot på EUs konkurransereglar.
utenriks

EUs konkurransestyresmakt meiner Nike har avgrensa moglegheitene rivaliserande konkurrentar har til å selje genserar, skjerf, krus og andre effektar med logoar til kjente europeiske fotballklubbar som FC Barcelona, Manchester United, Juventus, Inter Milan og AS Roma.

Etterforskinga av Nike vart opna juni 2017 og sidan den amerikanske sportsgiganten valde å samarbeide, vart den opphavlege bota redusert med 40 prosent.

(©NPK)