Nord-Korea vender tilbake til samarbeidskontor

Nord-Korea har vendt tilbake til eit samarbeidskontor med Sør-Korea som staben vart trekt tilbake frå i førre veke.
utenriks

Kontoret vart oppretta i september i fjor i Kaesong nord for grensa etter at Nord-Koreas forhold både til Sør-Korea og USA hadde betra seg.

Fredag trekte Nord-Korea staben ut av kontoret, men måndag var staben tilbake på plass som vanleg.

Tilbaketrekkinga skjedde utan at nordkoreanske styresmakter oppgav nokon grunn. Men det siste toppmøtet mellom Nord-Korea og USA i Vietnam i førre månad enda utan konkrete resultat.

Samarbeidskontoret mellom Nord- og Sør-Korea i Kaesong, der Sør-Korea har plassert fabrikkar, er ein viktig kommunikasjonskanal mellom landa.

(©NPK)