Romanias president ser bort frå ambassadeflytting

Romanias president avfeiar løftet til statsministeren om å flytte Israel-ambassaden landet har til Jerusalem og seier at det ikkje er opp til henne å avgjere.
utenriks

Statsminister Viorica Dancila lova under ein tale på den proisraelske lobbyorganisasjonen AIPACs konferanse i Washington søndag å gjere som USA og flytte Romanias ambassade frå Tel Aviv til okkuperte Jerusalem.

– Eg vil, som statsminister av Romania og leiar av regjeringa, flytte ambassaden vår til Jerusalem som er hovudstaden i den israelske staten, sa Dancila, som gjentok dette i ei Twitter-melding.

Få timar seinare slo Romanias president Klaus Iohannis fast at ei slik ambassadeflytting ikkje kjem på tale og minna statsministeren på at det er han som har siste ord i slike utanrikspolitiske spørsmål.

– Total ukunne

– Den endelege avgjerda om å flytte ambassaden frå Tel Aviv til Jerusalem ligg hos meg. Statsministeren utviser total ukunne om utanrikspolitikk, slo Iohannis fast ifølgje AFP.

I eit Tv-intervju måndag morgon kunne det verke som om Dancila innsåg at ho hadde lova meir enn ho kunne halde og sa at ho berre hadde gitt uttrykk for den personlege meininga si og at det er opp til presidenten å avgjere om ambassaden eventuelt skal flyttast.

Netanyahu-jubel

Honduras' president Juan Orlando Hernandez lova òg å flytte ambassaden landet hadde til Jerusalem under ein tale på AIPAC-konferansen i Washington søndag.

Avgjerdene blir applauderte av Israels statsminister Benjamin Netanyahu, medan generalsekretær Saeb Erekat i den palestinske frigjeringsorganisasjonen PLO kallar han eit klart brot på FNs resolusjonar.

– Det bidrar berre til å eliminere tostatsløysinga, som er den einaste vegen mot fred og stabilitet i heile regionen, siger Erekat.

Ombestemte seg

USAs president Donald Trump anerkjente i fjor Jerusalem som Israels hovudstad og vedtok som første land i verda å flytte ambassaden sin til Jerusalem.

Guatemala og Paraguay følgde hakk i hæl, men tre månader seinare omgjorde Paraguays nyvalde president Mario Abdo Benítez avgjerda og flytta ambassade tilbake til Tel Aviv.

Uaktuelt

Ingen europeiske land har til no vedtatt å gjere det same, og utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) har slått fast at det er uaktuelt å flytte Noregs ambassade.

– Uteståande spørsmål i konflikten mellom israelarar og palestinarar må løysast gjennom forhandlingar. Dette gjeld ikkje minst Jerusalems status, meiner ho.

Ei rekke vestlege land har ope kritisert Trumps avgjerd og viser til at Israel har okkupert den austlege delen av byen sidan 1967.

FNs tryggingsråd har slått fast at okkupasjonen er ulovleg. Palestinarane krev Aust-Jerusalem som hovudstad i ein framtidig stat, medan Israel gjer krav på heile Jerusalem som sin «evige og udelelege hovudstad».

(©NPK)