Sju såra i rakettangrep i Israel

Sju personar, inkludert to barn og ein baby, vart såra i eit rakettangrep nord for Tel Aviv, sentralt i Israel, opplyser lokale medium.
utenriks

Raketten trefte eit bustadhus i Mishmeret, nord for byen Kfar Saba, opplyser politiet. Huset vart øydelagt i brannen som oppstod, men ingen personar vart fanga i det brennande huset. Naudetatane seier to kvinner har moderate skadar, medan dei andre fekk lettare skadar. Blant dei lett skadde, er det to barn og ein baby.

Kfar Saba ligg nord for Tel Aviv. Nedslaget kom kort tid etter at flyalarmen vart aktivert nord for Tel Aviv tidleg måndag morgon, skriv Haaretz. Mange søkte tilflukt i bomberom. Det skal òg ha vorte høyrt eksplosjonar i området.

Ifølgje det israelske forsvaret vart raketten fyrt av frå Gaza. Så langt har ingen tatt på seg ansvaret for raketten, men det er frykt for at den kan utløyse ein ny runde med vald kort tid før valet i Israel. For halvanna veke sidan vart fleire rakettar skotne mot Tel Aviv. Hamas-leiarskapet på Gaza seier det var snakk om eit uhell, og roa vart fort retta opp igjen etter at israelske styrkar slo til mot Gaza og det var fare for ein rask eskalering.



(©NPK)