Tidlegare Volkswagen-toppsjef sikta for bedrageri

Den tidlegare Volkswagen-sjefen Martin Winterkorn og fire andre er sikta for bedrageri i samband med utsleppskandalen «Dieselgate» i 2015.
utenriks

Hausten 2015 vedgjekk Volkswagen å ha installert ei programvare som førte til kunstig låge utsleppstal i 11 millionar dieselbilar.

Måndag uttalte den tyske påtalemakta at dei har sikta Winterkom og fire andre for bedrageri. Dei risikerer ei straff på opptil ti år i fengsel.

Winterkom måtte pakke sakene sine og gå av som konsernsjef som følgje av «Dieselgate»-skandalen. Han har sjølv hevda at han først vart kjent med utsleppjukset då skandalen var offentleg kjent i 2015.

Påtalemakta meiner likevel at både han og dei fire andre visste om ein del av det omfattande jukset, som starta i 2006.

– Retten i Braunschweig fekk tiltalen på fredag og vi vil no undersøke søksmålet, seier statsadvokat Klaus Ziehe i Braunschweig.

I kjølvatnet av «Dieselgate» har Volkswagen kalla tilbake millionar av bilar og gått med på å betale milliardar i bøter og kompensasjon til bilkjøparar.

(©NPK)