USA vinn ikkje gehør for påstand om auka Iran-trussel

USA hevdar Iran-støtta grupper utgjer ein aukande trussel mot vestlege mål i Midtausten, men slit med å overtyde andre om dette.
utenriks

Onsdag fekk alle tilsette ved den amerikanske ambassaden i Bagdad og konsulatet i Arbil, som ikkje har «essensielle» funksjonar, ordre om å forlate Irak umiddelbart.

Amerikansk UD viser til at ei rekke «terrorist- og opprørsgrupper» er aktive i landet, blant dei «antiamerikanske sekteriske militsar» som kan «true amerikanske statsborgarar og vestlege selskap».

– Det er direkte knytt til Iran, ei rekke truslar er direkte knytt til Iran, seier ein anonym tenestemann i amerikansk UD onsdag kveld.

Ifølgje tenestemannen kjem truslane frå sjiamuslimske militsgrupper som blir kontrollerte av den iranske revolusjonsgarden.

I førre veke sa USA at dei hadde oppdaga nye truslar frå Iran og Iran-støtta væpna grupper mot amerikanarar og amerikanske interesser i regionen, og søndag vart amerikanske statsborgarar frårådde å reise til Irak.

– Ingen auka trussel

Den britiske generalmajoren Chris Ghika, som har ein sentral posisjon i den USA-leidde koalisjonen mot IS, avviser at trusselen frå Iran eller Iran-støtta grupper har auka i regionen.

– Nei, det er ikkje nokon auka trussel frå Iran-støtta styrkar i Irak og Syria, seier han.

Koalisjonen følgjer nøye med både på Iran-støtta «og ei lang rekke andre grupper» i regionen, seier Ghika.

– Det er ei betydeleg mengde militsgrupper i Irak og Syria, og vi ser på det noverande tidspunktet ingen aukande trussel frå nokon av dei, seier han.

Ikkje i samsvar

U.S. Central Command, som leiar USAs militære operasjonar i Midtausten, Nord-Afrika og Sentral-Asia, likte ikkje fråsegna frå den britiske generalmajoren.

– Fråsegna er ikkje i samsvar med dei truverdige truslane frå Iran-støtta styrkar vi har identifisert i Midtausten, heiter det i ei fråsegn.

– Som følgje av dette er koalisjonen no i høg beredskap og vi held fram å overvake truverdige og moglege umiddelbare truslar mot amerikanske styrkar i Irak, heitte det vidare.

Psykologisk krigføring

Førre veke vart det kjent at USA utplasserer eit hangarskip og langdistanse-bombefly i Midtausten. Målet er å sende ein klar bodskap til Iran om at «alle angrep på amerikanske eller interessene til dei allierte vil bli møtt med nådelaus kraft», ifølgje president Donald Trumps nasjonale tryggingsrådgivar John Bolton.

Bolton har i fleire tiår tatt til orde for at USA bør angripe Iran militært, mellom anna i 2015 i eit innlegg under tittelen «Bomb Iran» i The New York Times.

Iran skuldar USA for psykologisk krigføring og har varsla at landet går bort frå delar av atomavtalen, som USA trekte seg frå i mai i fjor.

Britane bekymra

Storbritannias utanriksminister Jeremy Hunt er blant dei som åtvarar USA mot å trappe opp konflikten med Iran.

– Vi er svært bekymra over faren for at ein konflikt kan bli utløyst ved eit uhell, slo han fast etter at USAs utanriksminister Mike Pompeo bad om eit hastemøte med europeiske kollegaer for å orientere om synet til amerikanarane på Iran-trusselen.

– Vi treng ein periode med ro for å sikre at alle forstår korleis motparten tenker, la Hunt til.

Putin åtvarar

Russlands president Vladimir Putin, som tysdag møtte Pompeo i Sotsji, åtvarar òg USA mot opptrapping.

Den amerikanske strategien med å legge på «maksimalt press» Iran vil berre drive iranarane opp i eit hjørne, seier Putins talsmann Dmitrij Peskov.

– Dette gir aldri resultat. Prosessen med å komme fram til semje stansar tvert imot opp, seier han til TASS.

(©NPK)