Amsterdam innfører ny turistskatt

Byrådet i Amsterdam har vedtatt at det skal innførast ein ny skatt på turistar, som dei siste åra har strøymt til byen i hopetal.
utenriks

Den nederlandske byen krev allereie inn ein 7 prosents turistskatt på hotellrekningar. Onsdag vedtok byrådet ein ekstraskatt som inneber at hotellgjester må betale 3 euro (27 kroner) per natt i framtida.

Amsterdam forventar at den nye skatten vil ha eit årleg proveny på 100 millionar euro. Pengane skal delvis gå til å verne det historiske preget i byen.

Byen, som slit med å handtere ein kraftig vekst i turismen, skal investere 289 millionar euro for å halde ved like bruer, kanalar, parkar og gater dei kommande åra.

Koninklijke Horeca i det nederlandske hotell- og restaurantforeininga er kritisk til skatten og viser til at Amsterdam allereie har nokre av dei høgaste turistskattane i Europa.

Den nederlandske hovudstaden ventar å ta imot 30 millionar turistar i året innan 2025.

(©NPK)