Fem omkom då bygning rasa saman i Shanghai

Minst fem menneske er funne døde etter at eit to etasjar høgt næringsbygg rasa saman i Shanghai.
utenriks

Minst 20 menneske vart fanga i ruinane i sentrum av Shanghai etter at bygningen rasa saman torsdag formiddag. Bygget var i ferd med å bli renovert, og dei fleste av dei som var til stades var bygningsarbeidarar.

Kinesiske styresmakter opplyste raskt at 19 menneske var redda ut. Seinare opplyste dei at fem av dei var døde.

Bilde publisert i sosiale medium av Kinas krisedepartement viser redningsarbeidarar som hentar ut bygningsarbeidarar dekte av blod og støv. Næringsbygget har tidlegare vore brukt som utsalsstad for Mercedes-Benz-bilar.

Ein lokal innbyggar seier til AFP at ho låg og sov då bygningen rasa saman. Ho seier ho vakna av det som kjendest som eit jordskjelv.

– Eg trudde først det var ein eksplosjon, seier ho.


(©NPK)