Flygeleiarstreik stenger belgisk luftrom

Grunna ein flygeleiarstreik er alt sivilt luftrom i Belgia stengt fram til klokka 13 torsdag. Alle flygingar til og frå landet blir påverka.
utenriks

Det opplyser flyorganisasjonen Eurocontrol torsdag formiddag.

Flyplassen i Brussel melder samtidig at alle flygingar i tidsrommet fram til klokka 13 torsdag er kansellert.

– Brussel områdekontrollsenter held stengt mellom 9.30 og 13.00 lokal tid. På grunn av dette ventar vi omfattande konsekvensar for passasjar- og godstrafikk til og frå Brussel lufthamn i denne perioden, skriv flyplassen i ei pressemelding.

– På grunn av dette ventar vi at forseinkingar, seine fly og kanselleringar vil halde fram utover dagen, skriv dei vidare.

Meir enn 50 flygingar var kansellerte innan torsdag morgon, melder kringkastaren RTBF. Nokre fly vart òg kansellert ved Charleroi, lågkostnadsflyplassen 50 kilometer sør for Brussel.

(©NPK)