Greta Thunberg på framsida av Time Magazine

Klimaaktivisten Greta Thunberg (16) prydar framsida av neste nummer av Time Magazine og er på lista deira over dei 100 personane med mest påverknad i verda.
utenriks

– Alt verka meiningslaust, det kjendest som om det ikkje var noko poeng i å gå på skulen viss det ikkje finst ei framtid, seier Thunberg til Time om kvifor ho starta klimastreiken som gjorde henne verdskjend.

No har skulen vorte eit fristad for 16-åringen. Ho beskriv det som at ho lever i to ulike verder.

– Her er eg berre ei taus jente og der er eg veldig kjent, seier ho.

Ho fortel òg om korleis ho handterer truslar og netthets.

– Det er ganske morosamt når det einaste folket kan gjere er å håne deg, eller snakke om utsjånaden din eller personlegdommen din. Det betyr at dei ikkje har nokon argument eller noko anna å seie, seier Thunberg.

(©NPK)