Huawei reagerer på Trumps forbod om å bruke utanlandsk teleutstyr

President Donald Trump forbyr amerikanske selskap å bruke utanlandsk teleutstyr som kan vere ein fare for sikkerheita i landet. Kinesiske Huawei reagerer.
utenriks

President Trump signerte onsdag ei fråsegn om ein «nasjonal nødssituasjon» som forbyr amerikanske selskap å bruke utanlandsk utstyr som «utgjer ein uakseptabel risiko».

Han nemner ingen land eller selskap, men dette blir sett på som ein måte å halde det kinesiske selskapet Huawei ute frå den amerikanske marknaden på. Berre få timar etter at Trump underteikna erklæringa kom Huawei med ein offentleg reaksjon og omtaler restriksjonane som urimelege. Selskapet meiner forbodet bryt med dei lovlege rettane til selskapet.

– Å nekte Huawei frå å gjere forretningar i USA vil ikkje gjere landet sikrare eller sterkare, berre føre til færre, dyrare og dårlegare alternativ, skriv selskapet.

USA har på det sterkaste åtvara mot å bruke 5G-teknologi frå Kina og hevdar at selskap som Huawei er pålagt å dele opplysningar med kinesiske etterretningsstyresmakter.

USA forbyr allereie statlege etatar å inngå kontraktar med Huawei eller andre selskap som bruker Huaweis utstyr.

(©NPK)