Løkke opnar for regjeringssamarbeid med Socialdemokratiet

Danmarks statsminister Lars Løkke Rasmussen meiner ein regjeringskoalisjon med Socialdemokratiet bør vere eit alternativ viss dei borgarlege taper valet.
utenriks

I ei ny bok gjer statsministeren det klart at han er open for regjeringssamarbeid mellom Socialdemokratiet og hans eige parti Venstre viss dei borgarlege mistar fleirtalet i valet 5. juni.

– Det er naturlegvis nokre dilemma i dette, men samtidig er det for meg ingen tvil om at det er eit riktig forslag. Mykje politikk blir allereie laga inne på midten, seier han.

Ei sentrumsregjering på tvers av blokkene vil samtidig halde ytterfløyene i sjakk, understrekar han.

Løkke stiller ikkje noko krav om at han sjølv må leie den nye regjeringa.

– Eg synest eg har mykje å tilby, men min person skal ikkje stå i vegen for den beste løysinga for Danmark.

(©NPK)