Saudi-Arabia og allierte bombar Jemens hovudstad

Kampfly frå Saudi-Arabias militærallianse bombar ei rekke mål i og rundt den opprørskontrollerte hovudstaden Sana i Jemen. Fleire sivile skal vere drepne.
utenriks

Minst seks menneske, fire av dei barn, er ifølgje Jemens helsestyresmakter drepne. Minst 41 personar skal vere såra, inkludert to russiske kvinner, ifølgje nyheitsbyrået AP.

Samtidig kjempar folk febrilsk for å dra 14 såra ut av ruinane av ein bygning som vart bomba i bydelen al-Raqas.

Få timar etter at opprørarar og augevitne melde om flyangrepa torsdag, stadfestar ein tenestemann at den saudileidde koalisjonen står bak.

– Vi har byrja med luftangrep mot mål knytt til Houthi-militsen, mellom anna i Sana, seier den ikkje namngitte kjelda.

Angrepa skjer få dagar etter at den jemenittiske Houthi-rørsla tok ansvar for droneangrep mot ein viktig oljerøyrleidning i det mektige nabolandet Saudi-Arabia.

Skuldar Iran for droneangrep

Saudiarabiske styresmakter skulda torsdag Iran for å stå bak droneangrepet tysdag.

– Angrepet viser at desse militsane berre er eit verktøy brukt av det iranske regimet for å implementere sin ekspansjonistiske agenda i regionen, og at dei ikkje er til stades for å verne folka, slik Houthi-opprørarane feilaktig hevdar, skriv den saudiarabiske prinsen og viseforsvarsministeren Khalid bin Salman på Twitter.

– Terrorhandlingane, som vart gitt ordre om av regimet i Teheran og utført av houthiane, gjer den politiske innsatsen som går føre seg, vanskeleg, skriv han.

Militære mål

TV-kanalen til opprørarane Al-Masirah melder om ei rekke flyangrep både i Arhab-distriktet utanfor Sana og i sjølve hovudstaden. Eit augevitne seier angrepa starta torsdag morgon medan mange jemenittar framleis låg og sov under fastemånaden ramadan.

– Det var mange angrep, seier augevitnet.

Til nyheitsbyrået Reuters sa augevitne at luftangrepa har ramma ni militære mål i og rundt den houthi-kontrollerte hovudstaden Sana.

Stockholm-avtalen

Samtidig rasar kampane mellom saudistøtta styrkar og houthi-krigarar i hamnebyen Hodeida, melder Reuters. I tråd med ein våpenkvileavtale frå Stockholm i fjor, trekte opprørarane seg ut av tre hamnar i området.

Det skulle bane veg for nye fredssamtalar og ei tilbaketrekking av saudistøtta styrkar for å sikre tilgang til matleveransar for millionar av jemenittar som blir trua av svolt. Men kva som skjer vidare, er framleis uklart.

FNs spesialutsending for Jemen fryktar framgangen dei siste dagane står i fare og tryglar partane om å halde fram dialogen.

– Det er òg teikn til håp, sa Martin Griffiths til Tryggingsrådet onsdag.

Oljemarknaden uroleg

Sabotasjeangrep i Saudi-Arabia tysdag førte til uro på den globale oljemarknaden. Saudi-Arabia og Dei sameinte arabiske emirata, som òg speler ei viktig rolle i krigen i Jemen, har lova å gjengjelde angrepet. Saudi-Arabia stemplar Houthi-militsen som ei Iran-støtta terrorgruppe.

Houthiane, som kontrollerer store delar av det lutfattige landet, kalla sabotasjen mot Saudi-Arabias oljeindustri «eit svar på det fortsette folkemordet» i Jemen og varsla nye og spektakulære angrep.

Titusenvis av offer

Ein regional koalisjon leidd av Saudi-Arabia gjekk i mars 2015 til krig mot Houthi-rørsla i Jemen og har sidan gjennomført nærare 20.000 flyangrep mot mål i landet.

FN-ekspertar skuldar koalisjonen for å ha bomba sjukehus, marknadsplassar, bustadområde, fengsel, fiskebåtar, bryllaup og gravferder, og ifølgje Armed Conflict Location & Event Data Project (ACLED) er over 57.000 menneske drepne.

Gjennom intervensjonen har Saudi-Arabias allierte erobra store delar av Sør-Jemen, men hovudstaden og størsteparten av det tett folkesette høglandet i landet er framleis kontrollert av houthiane.

(©NPK)