Tidlegare ETA-leiar arrestert etter 16 år på rømmen

Ein tidlegare leiar av den ytterleggåande baskiske separatistgruppa ETA er arrestert i Frankrike etter å ha vore på rømmen i 16 år.
utenriks

Jose Antonio Urrutikoetxea Bengoetxea, betre kjent som Josu Ternera, var i si tid politisk sjef for ETA. Han vart arrestert torsdag morgon i Sallanches i dei franske alpane, opplyser det spanske innanriksdepartementet.

ETA drap over 800 menneske i lein over 40 år lang blodig kamp for ein uavhengig baskisk stat.

Spanske styresmakter har jakta på Ternera sidan 2002, og knyter han til eit angrep mot politikasernar i den nordlege byen Zaragoza i 1987. Elleve vart drepne, blant dei fleire barn.

Ternera hadde stor innverknad i ETA og spelte inn den «endelege deklarasjonen» der gruppa kunngjorde oppløysing i mai i fjor. Det blir antatt at han er alvorleg sjuk.

(©NPK)