Venezuelas opposisjonsleiar stadfestar at han har sendt ein delegasjon i Noreg

Venezuelas opposisjonsleiar Juan Guaidó stadfestar at han har sendt ein delegasjon til Noreg for å forhandle om ei løysing på konflikten i heimlandet.
utenriks

Fråsegna frå Guaido kjem torsdag kveld. Tidlegare på dagen opplyste ikkje namngitte medlemmer av Venezuelas opposisjonskontrollerte nasjonalforsamling at høgtståande representantar frå begge sider er i Oslo der dei deltar i samtalar.

Partane skal ifølgje nyheitsbyrået AP ha fått ein invitasjon frå «ei gruppe nordmenn». Blant representantane er informasjonsminister Jorge Rodriguez og Stalin Gonzalez i nasjonalforsamlinga. President Nicolás Maduro har sjølv uttalt at Rodriguez er på eit «veldig viktig møte» i utlandet.