Stordalen hylla Greta Thunberg

– Greta frå Stockholm har gitt ansikt til ein av dei største miljørørslene vi har sett, sa EAT-grunnleggar Gunnhild Stordalen då ho opna EAT Forum 2019.
utenriks

– For ti månader sidan, berre ein kort T-banetur herifrå, forlét ei ung jente skulen og gjekk til den svenske nasjonalforsamlinga. Med seg hadde ho ein handskriven plakat, der det stod: Skulestreik for klimaet. Namnet hennar er Greta Thunberg, sa Stordalen i opningstalen sin onsdag.

– Ho seier: Kva er poenget med å lære fakta når dei viktigaste faktaa openbert ikkje betyr noko som helst for samfunnet vårt? Greta hevdar at vi, generasjonane før henne, stel framtida hennar, sa Stordalen.

Rundt tusen leiarar frå heile verda innan forsking, politikk, næringsliv og sivilsamfunn er samla til konferansen i Stockholm. Sveriges utviklingsminister Peter Eriksson talte før Stordalen.

Ein EAT-rapport publisert i det medisinske tidsskriftet The Lancet i januar, er eit viktig grunnlag for konferansen. Han tar for seg korleis vi kan endre måten vi produserer, forbrukar, kastar og tenker om mat.

Forumet blir i år arrangert for sjette gong.

(©NPK)