Mistenkte etter Sri Lanka-terror arresterte i Saudi-Arabia

Saudi-Arabia har arrestert ein 29-åring frå Sri Lanka som blir mistenkt for å ha vore ein av leiarane bak terrorangrepa mot kyrkjer og hotell i påska.
utenriks

Ahamed Milhan Hayathu Mohamed vart ifølgje Interpol utlevert til Sri Lanka fredag, saman med fire andre mistenkte som også vart arresterte i Jeddah.

29-åringen har vore etterlyst gjennom Interpol og er ifølgje politiorganisasjonen ein av leiarane i islamistgruppa National Thowheeth Jama'ath (NTJ), som skal ha stått bak terrorangrepa første påskedag.

Ifølgje ein talsmann for politiet på Sri Lanka, Ruwan Gunasekera, blir han også mistenkt for å ha vore involvert i drapa på to politimenn aust på Sri Lanka i november.

– Arrestasjonen og utleveringa av ein av dei hovudmistenkte i bombeangrepa på Sri Lanka, er eit viktig steg i den pågåande etterforskinga og eit steg Interpol er stolte over å ha støtta, seier generalsekretæren til politiorganisasjonen Jürgen Stock i ei pressemelding.

Minst 253 vart drepne og over 150 såra då ni sjølvmordsbombarar slo til mot fleire kyrkjer og hotell på Sri Lanka første påskedag.

Den antatte hovudmannen bak terroren, NTJs leiar Zahran Hashim, skal ha vorte drepen i terroraksjonen.

Hashim var ein av mennene i ein video som den ytterleggåande islamistgruppa IS publiserte då dei tok på seg ansvaret for angrepa på Sri Lanka.

(©NPK)