Sudans militærjunta innrømmer overgrep mot demonstrantar

Militærjuntaen som har tatt makta i Sudan, innrømmer at tryggingsstyrkar gjorde overgrep mot demonstrantar førre veke.
utenriks

Ei gransking er undervegs og fleire militærleiarar er allereie arrestert for å ha gjort overgrep, opplyste talsmannen til juntaen Shams Eddin Kabashi torsdag kveld.

Tryggingsstyrkar vart sende inn i ein protestleir utanfor hovudkvarteret til hæren i hovudstaden Khartoum for å spreie demonstrantar måndag førre veke.

Kabashi utdjupa ikkje om kva for overgrep han viste til, utover å beskrive dei som «vonde og grove». Samtidig avviste Kabashi oppfordringar om ei internasjonal gransking av saka.

Ifølgje dei som stod bak protesten førre veke, vart over 100 personar drepne. Juntaen sjølv har erkjent at 61 vart drepne, blant dei tre medlemmer av tryggingsstyrken.

Samtidig har Sudans legeforeining, som står protestrørsla nær, opplyst at minst 70 personar skal ha vorte valdtekne. Sjukehuskjelder seier dei har behandla både kvinnelege og mannlege offer.

Sudans mangeårige president Omar al-Bashir vart avsett av hæren 11. april etter omfattande protestar. Sidan har landet vorte styrt av ein militærjunta.

Leiarar for demonstrantane og leiarane til juntaen forhandlar om ein overgangsperiode som skal føre til nyval, men framgangen har gått sakte.

(©NPK)