Huaweis grunnleggar ventar milliardtap

Huaweis inntekter dei neste to åra kan bli 30 milliardar dollar lågare enn venta. Selskapet er som eit stygt skadd fly, seier grunnleggaren, Ren Zhengfei.
utenriks

Ren seier den kinesiske telekom-kjempa vil redusere produksjonskapasiteten, men legg til at selskapet ikkje vil la seg stanse av dei amerikanske sanksjonane.

USA har svartelista Huawei, noko som betyr at amerikanske selskap som ønsker å bruke komponentar frå Huawei, må skaffe seg godkjenning frå det amerikanske handelsdepartementet.

Grunnleggaren seier at USAs vilje til å innføre det han kallar ekstreme tiltak, overraska selskapet.

(©NPK)