Tolv sivile skal ha vorte drepne av opprørarar i Syria

Tolv sivile vart drepne då opprørarar skaut rakettar mot ein landsby nordvest i Syria, melder det statlege nyheitsbyrået SANA.
utenriks

Ifølgje byrået står den tidlegare al-Qaida-gruppa Hayat Tahrir al-Sham bak angrepet.

Angrepet skjedde seint søndag, og 15 personar skal òg ha vorte såra då rakettane slo ned i landsbyen al-Wadihi. Byen ligg sør for Aleppo.

Hayat Tahrir al-Sham kontrollerer delar av landsbygda i Aleppo-provinsen og mesteparten av naboprovinsen Idlib.

(©NPK)