Trump meiner jobben berre er halvgjort og vil ha fire år til

For fire år sidan hadde han sitt «Trump Tower Moment» då han kunngjorde kandidaturet sitt i glashuset på Manhattan. No skal Trump kunngjere attval i Orlando.
utenriks

President Donald Trump ser seg som den ultimate seljaren, men stadig fleire spør seg om han kan selje inn ein ny fireårsperiode til det amerikanske folket.

Han kan ikkje lenger spele på at han er ny i gamet, og det turbulente livet på toppen med utskiftingar, rettssaker og krig med pressa har vorte ein del av den daglege bakgrunnsstøyen.

Målingane kan tyde på at stadig fleire veljarar synest det blir vel mykje «big drama» i Det kvite hus. For fire år sidan tok Trump heisen ned frå dei private etasjane sine langt oppe i Trump Tower for å kunngjere presidentkandidaturet sitt, noko han ofte mimrar om.

Stilen er den same

No skal han rekonstruere magien under eit storslått show i Orlando i Florida. Fire år er gått, men den utradisjonelle og uføreseielege framferda hans og det heilt spesielle forholdet hans til etablerte sanningar har ikkje endra seg.

Sjølv om livet i Washington, den forakta politiske hengemyra, er fullpakka av hendingar, er kvar ny dag nær sagt eit blankt ark inntil presidenten har rive av seg nokre provoserande twittermeldingar om det som opptar han.

For fire år sidan slo han an ein tone og presenterte eit sett med tema som mange ventar å høyre i ei ny tapping i Orlando. «Let's make America great again» er stadig Trumps kamprop, det overordna mantraet hans som ligg bak handelskrigen med Kina, grensekrigen med Mexico, nabofeiden med Canada, det spente forholdet til EU og NATO og den generelle mistrua hans til alt av inngåtte avtalar og forpliktingar, som i hans verdsbilde svekker USA.

Vinn ingen stad lenger

– Landet vårt er i alvorlege vanskar. Vi vinn ikkje på nokon frontar lenger, sa Trump. Og dagsordenen for dei neste fire åra var sette.

No skal han gjere opp status og argumentere for at jobben berre er halvgjort. Det trengst fire år til. Alle observatørar reknar med ein dobbelt dose med sjølvskryt og forsikringar om at økonomien går betre, at forsvaret er styrkt, og at USA er meir respektert verda over enn på fleire tiår.

Ingen synest å vente noka nyorientering eller kursendring. Trump meiner han har ein kontrakt med veljarane og ein direkte kommunikasjon som går bak ryggen på Kongressen, og som ikkje treng filtrering og forvrenging i det Trump ser på som ei fiendtleg innstilt presse.

Kjøpte tilrop

For fire år sidan vart det spekulert på om Trump-leiren hadde hyra inn ein klappegjeng som med T-skjorter og heiarop skulle skape stemning på gatenivå då Trump saman med familien tok turen med glasheisen ned frå det høge.

Denne gongen er det neppe nødvendig å kjøpe seg applaus. Amway Center i Orlando har 20.000 plassar, og over 100.000 har skrive til kampanjeleiinga for å sikre seg billett. Matbuer, live musikk og gigantiske skjermar skal pumpe opp stemninga.

Heile 29 valmannsstemmer står på spel i Florida, og dei kan avgjere Trumps politiske framtid.

(©NPK)