EU-domstolen: Tysk motorvegavgift i strid med reglane

Den planlagde nye motorvegavgifta i Tyskland bryt med EUs antidiskrimineringslover, ettersom ho berre skal gjelde bilar som er registrerte i andre land.
utenriks

Den tyske avgifta er vedtatt, men har enno ikkje tredd i kraft. Ordninga inneber at pengane skal krevjast inn frå alle bilistar, men at tyske bilførarar skal få kompensasjon i form av nedjustert årsavgift.

Den såkalla infrastrukturavgifta har vore ei viktig politisk sak for koalisjonsregjeringa til statsminister Angela Merkel.

Nabolandet Austerrike har med støtte frå Nederland bringa saka inn for EU-domstolen. Dei argumenterte for at avgifta inneber ei diskriminering av bilistar frå andre medlemsland i EU og fekk altså medhald.

Det er uvanleg at andre medlemsland klagar slike saker inn for domstolen. Vanlegvis er det EU-kommisjonen som gjer det.

(©NPK)