Krav om uavhengig etterforsking av Mursis død

Dødsfallet til Egypts fengsla ekspresident Mohamed Mursi må etterforskast, krev menneskerettsorganisasjonar.
utenriks

Mursi (67) vart gravlagd tysdag, éin dag etter at han kollapsa under eit rettsmøte i Kairo.

Ifølgje påtalemakta vart han raskt frakta til sjukehus etter at han kollapsa inne i eit glasbur i rettssalen. Han skal ha døydd av hjartestans før han nådde fram til sjukehuset.

Human Rights Watch (HRW) meiner dødsfallet var fullstendig føreseieleg ettersom dei egyptiske styresmaktene verken har gitt han medisinar eller late han få besøk frå familien i fengselet.

Dødsfallet og behandlinga av Mursi bør granskast av FNs menneskerettsråd, meiner organisasjonen.

Sat i isolasjon

– Dødsfallet til tidlegare president Mursi skjedde etter fleire års feilbehandling, stadig forlengde periodar med isolasjon, utilstrekkeleg medisinsk oppfølging og manglande kontakt med familien, seier regiondirektør Sarah Leah Whitson i HRW.

Neste veke er det møte i FNs menneskerettsråd (UNHRC). Whitson meiner rådet bør ta initiativ til ei etterforsking av menneskerettsbrota i Egypt, mellom dei behandlinga av innsette i fengsel og Mohamed Mursis død.

Samtidig oppmodar menneskerettsorganisasjonen Amnesty International Egypt til å gjennomføre ei eiga uavhengig etterforsking av dødsfallet.

Ubehandla diabetes

Gjennom seks år i fengsel skal den tidlegare presidenten systematisk ha vorte nekta behandling for diabetes og ofte vorte halden i isolasjon.

I periodar levde han i frykt for å bli forgifta og åt berre hermetisert mat. Då familien sist fekk treffe han i september i fjor, fortalde han at han budde på ei celle utan seng og derfor måtte sove på golvet.

– Dei egyptiske styresmaktene har i alle fall gjort grov urett mot Mursi ved å nekte han eit minimum av rettar som innsett i fengsel, seier Whitson.

Mursi tilhøyrde den islamistiske organisasjonen Det muslimske brorskapet. Også andre leiarar i Brorskapet har døydd i fengsel i Egypt.

Dømt til døden

Mursi vart vald til president i 2012 i kjølvatnet av den arabiske våren.

Året etter vart han styrta av militæret, og Det muslimske brorskapet vart forbode. I 2015 fekk Mursi ei lang fengselsstraff før han vart dømt til døden – men dødsdommen vart seinare oppheva.

Rettsmøtet måndag dreidde seg om skuldingar om spionasje. Mursi kollapsa kort tid etter å ha snakka i retten, ifølgje ei kjelde som nyheitsbyrået AP har vore i kontakt med. Han hadde mellom anna åtvara om at han sat på løyndommar han kunne avsløre.

Mursis familie seier dei ikkje fekk lov til å gravlegge han i heimbyen i Sharqia-provinsen. Ekspresidenten vart i staden gravlagd på ein gravlund aust i Kairo der også andre kjente islamistar er gravlagde. Vakter sørgde for å halde journalistar og fotografar borte frå gravferda.

(©NPK)