Europa førebur seg på 40 grader

Franske meteorologar varslar at varmen som slo inn måndag, kjem til å vare ut veka. Store delar av Europa får kjenne på hetebølgja, som når toppen torsdag.
utenriks

Det er varme vindar frå Sahara som er årsaka til den plutselege sommarvarmen.

Temperaturane byrjar å stige i Spania gjennom helga, før varmen spreier seg til Frankrike og Tyskland i starten av neste veke. Det er venta temperaturar opp mot 40 grader, skriv Yr.

– Sør-Noreg får òg ein liten smakebit av varmen med opp mot 25 grader frå og med onsdag, seier statsmeteorolog John Smits til NRK.

Heile Europa førebur seg på utfordringane som heten skaper.

Rekord

I Tyskland kan det bli rekord om gradestokken nærmar seg 40 grader. Den førre toppnoteringa på denne tida av året vart registrert i Frankfurt i 1947 med 38,2 grader.

Utrykkingspersonale har bedt folk om å passe ekstra på både barn, eldre og dei med eit svakt immunforsvar, som kan vere ekstra utsette når det er sterk varme.

I delar av Tyskland åtvarar ein òg om at det kan oppstå skogbrannar. I delstaten Brandenburg, som omringar hovudstaden Berlin, er brannmannskapa allereie i beredskap.

Fotball-VM

I Paris er hjelpeorganisasjonane i gang med å dele ut vatn og tilby svalare overnatting for heimlause. Etter tragediesommaren i 2003, då mange menneske mista livet etter komplikasjonar på grunn av heten, har styresmaktene sett i verk eit system for å hjelpe dei svakaste.

– Vi er førebudde, både på pleieheimane, på sjukehusa og i transportsystemet. Men når menneske er svake, og sjølv om vi er godt organiserte, fryktar vi ei høgare dødelegheit, seier helseministeren i Frankrike, Agnes Buzyn.

Arrangørane av VM i fotball for kvinner har varsla at det kan bli aktuelt med ekstra pausar i kampane om det blir for varmt inne på stadiona. I verste fall kan det bli aktuelt å utsetje kampar.

Oftare hete

Ekspertane seier at hetebølgjene rammar Europa oftare enn før.

– Vi ser at varmerekordane blir registrerte fem gonger så ofte i dag enn i eit meir stabilt klima. Auken av ekstremvarme er som venta ein konsekvens av den globale oppvarminga, seier Stefan Rahmstorf ved Potsdam-instituttet for klimaforsking.

Forskar Dim Coumou ved Det frie universitetet i Amsterdam seier issmeltinga i Arktis òg rammar sirkulasjonen i atmosfæren, som i sin tur gjer ekstremvarme meir sannsynleg.

Analysar viser at det skjer det ei opphoping av varme og tørre vêrforhold der sommardagane utviklar seg til ein hetebølgjer, ifølgje han.


(©NPK)