Telefonsambandet borte over store delar av Nederland

Nødnummera til redningstenester og politi slutta å verke då Nederland mista telefonsambandet over store delar av landet måndag.
utenriks

Politiet vart sendt ut i gatene for å hjelpe folk som trong umiddelbar hjelp.

– Vi oppmodar alle dei som må rapportere om ein akuttsituasjon, om å gå ut i gatene. Politiet har med walkietalkiar og gjer det dei kan for å hjelpe folk, seier talsperson Suzanne van de Graaf i politiet til kringkastaren NOS.

Politiet oppgav eit alternativt nødnummer rundt ein time etter at både mobil- og fasttelefon-sambandet vart ramma i 16-tida.

Folk blir òg bedt om å bruke sosiale medium eller å ta seg til ein offentleg bygning eller kontor om nødvendig.

Teleselskapet KPN opplyser at dei jobbar med å finne ut kva som har skjedd.

(©NPK)