To jagarfly kolliderte i lufta over Tyskland

Ein pilot omkom då to jagarfly krasja i lufta under ei øving nordaust i Tyskland. Flya er av typen Eurofighter.
utenriks

Det tyske luftvåpenet stadfesta måndag kveld at ein av pilotane døydde i samband med ulykka.

Den andre piloten, som vart skoten ut av cockpiten etter krasjet, landa med fallskjerm og vart henta ned frå eit tre av redningsmannskapa.

Det tyske militæret stadfestar at dei to jagarflya kolliderte under ei øving. Dei trefte bakken omtrent 10 kilometer frå kvarandre i delstaten Mecklenburg-Vorpommern, som ligg aust i Tyskland.

Det var den lokale radiostasjonen Ostseewelle som kort tid etter klokka 14 melde om hendinga nær innsjøen Müritz. Ein video som vart publisert like etter, viser to røykskyer som stig frå bakken.


(©NPK)