Trump kunngjer sanksjonar mot Khamenei

Dei nye sanksjonane som USA har varsla mot Iran, blir retta mot den øvste leiaren i landet, Ali Khamenei, ifølgje president Donald Trump.
utenriks

Den amerikanske presidenten kallar dei nye straffetiltaka for «hardtslåande».

– Vi held fram å auke presset mot Teheran. Iran skal aldri få kunne ha atomvåpen, sa Trump måndag.

Dei økonomiske sanksjonane rettar seg mot Khamenei og dei næraste medarbeidarane hans. Sanksjonane er meint å hindre Iran i å få tilgang til finansobjekt, opplyste presidenten.

– Vi ønsker ingen konflikt, sa presidenten og la til at sanksjonane, avhengig av Irans svar, kan bli avslutta i morgon eller «om fleire år».

– USA har vore svært tilbakehalden, men det betyr ikkje at vi kjem til å halde fram med det i framtida, sa Trump.

Dei siste sanksjonane kjem i kjølvatnet av Irans nedskyting av ein amerikansk militær drone sist veke.

Iran meiner det førarlause flyet var i iransk luftrom, medan USA meiner det var i internasjonalt luftrom.

(©NPK)