Ekstremvêret Barry har treft land i USA

Den tropiske stormen Barry har treft kysten i Louisiana i USA. Innbyggarane førebur seg på mogleg orkan og potensiell store øydeleggingar.
utenriks

I New Orleans ventar ein kraftig regn, vind og flaum, og forholda kan minne om situasjonen under den dødelege orkanen Katrina i 2005.

Vêrsystemet, som allereie har skapt mykje vatn i den lågtliggande byen, er venta å nå orkanstyrke fredag eller tidleg laurdag.

USAs president Donald Trump har erklært unntakstilstand. I ei twittermelding ber han alle langs kysten om å gjere førebuingar og følgje oppfordringane frå lokale styresmakter.

– Ver førebudd, ver forsiktig og ver TRYGG!, skriv han.

USAs nasjonale orkansenter (NHC) har notert at vedvarande vindar har auka i styrke til nærare 22,5 meter per sekund. Ifølgje NHC vil Barry kunne bringe med seg livstruande flaumar til kyst- og elveområde. Det er venta regnmengder opp mot ein halv meter i delar av delstaten.

Vasstanden i Mississippi-elva har allereie vakse kraftig etter veldig regnvêr, og seint torsdag var han éin fot unna flaumtilstand.

Orkanen Katrina frå 2005 er den mest øydeleggjande orkanen i amerikansk historie. Store område vart overfløymde. Minst 1.200 menneske omkom, hovudsakleg i New Orleans, der 75 prosent av byen stod under vatn, etter at forsvarssystemet mot flaum i byen braut saman.

(©NPK)