Fire britar arresterte i Kina

Fire britar er arresterte i Jiangsu-provinsen i Kina, stadfestar den britiske ambassaden i Beijing. Arrestasjonane blir knytt til eit narkobeslag.
utenriks

– Vi er i kontakt med kinesiske styresmakter om dei fire britane i Jiangsu. Vi gir konsulær bistand, seier ei talskvinne ved den britiske ambassaden i Beijing fredag.

Talskvinna verken stadfestar eller avkreftar at arrestasjonane er knytt til narkotikabeslaget kinesisk politi melde om onsdag. Då vart totalt 19 personar, blant dei sju utanlandske lærarar og ni utanlandske studentar, arresterte etter eit narkobeslag i byen Xuzhou i Jiangsu.

Sveitsiske Education First, som driv ei rekke språkskular i Kina, har uttalt at ei narkotikasak har skjedd ved ein av avdelingane deira i Kina.

Kina har i år dømt to canadiarar til døden for narkotikainnførsel. Mange har kopla dødsdommane til den diplomatiske disputten om Huawei-toppen Meng Wanzhou, som vart arrestert av Canada.

(©NPK)