Google skal granske lekkasje frå smarthøgtalarar

Google varslar intern gransking etter at belgiske medium fekk tilgang til private samtalar gjort heime hos eigarar av smarthøgtalarar.
utenriks

Teknologigiganten innrømmer svikt i samband med at samtalane, som var på nederlandsk, vart lekne til den belgiske Tv-kanalen kanalen VRT.

Ifølgje Google stammar lekkasjen frå ein underleverandør som har vorte hyrt for å utbetre stemmestyringssystemet til Google Assistant på nederlandsk.

Onsdag avslørte VRT korleis Google-tilsette kan lytte til delar av samtalar folk med smarthøgtalarar har i heimen, også i tilfelle der dei ikkje snakkar direkte til høgtalaren.

I samband med avsløringa har TV-kanalen fått tilgang på tusenvis av opptak som er gjort av smarthøgtalaren.

Lekkasje

Lekkasjen ser ut til å stamme frå ein av språkekspertane Google brukar for å finjustere algoritmane sine.

– Vi har nettopp fått vite at ein av desse språkgranskarane har brote datatryggingsreglane våre ved å leke konfidensielle lydopptak på nederlandsk, skriv produktsjef David Monsees i eit blogginnlegg.

Han understrekar at Google Assistant berre sender lyd til Google etter at du har tatt kontakt med han, til dømes ved å seie «Hey Google».

Falsk godkjenning

– Ein sjeldan gong vil produkt som har Google Assistant innebygd, oppleve det vi kallar ein «falsk godkjenning».

Dette betyr at det var litt støy eller bråk i bakgrunnen som programvara vår misforstod til å vere eit kodeord (som «Ok Google»), skriv han.

Google jobbar med å unngå dette.

Likevel kunne VRT påvise 153 opptak som aldri skulle vore gjort, fordi kommandoen «Okay Google» ikkje vart gitt tydeleg.

Tidlegare har personvernaktivistar skulda Amazon, som også produserer smarthøgtalarar, for å ha lagra samtalar med barn på høgtalaren Echo Kids. Amazon har opplyst at dei følgjer føderale lover.

(©NPK)