Hundrevis av klimarebellar for retten i London

1.151 personar som vart arresterte under klimademonstrasjonar i London i april, må møte i retten dei neste vekene.
utenriks

Demonstrantane høyrer i stor grad til organisasjonen Extinction Rebellion, som også har gjennomført ei rekke aksjonar i Noreg.

To rettssalar er sette av til å behandle sakene – ein dag kvar veke i 19 veker framover. Dei sikta er i alderen 20 til 76 år, og dei vart alle arresterte i samband med demonstrasjonane i april, som mellom anna lamma kollektivtrafikken i storbyen.

Politiet anslo at rundt 500.000 innbyggarar vart ramma av protestane.

– Tsunami av saker

Dei første demonstrantane møtte i retten fredag. Mange av sakene handlar om at dei har nekta å følgje ordre frå politiet om å opphalde seg i eit avgrensa område for å avgrense forstyrringane for allmenta.

Extinction Rebellion seier aktivistane er glade for å ha ein dag i retten, men at «byrda denne tsunamien av saker vil skape for rettssystemet, er eineståande».

Organisasjonen vart starta i Storbritannia, men har spreidd seg til ei rekke land. Dei seier dei bruker ikkje-valdeleg sivil ulydnad til å fremme bodskapen sin. Målet er å presse regjeringar i fleire land og andre mektige institusjonar til å erklære unntakstilstand for klimaet.

Avbraut stortingsmøte

I Noreg har Extinction Rebellion mellom anna markert seg med å avbryte eit stortingsmøte. I byrjinga av juni ropte dei frå galleriet i stortingssalen og sørgde for at debatten måtte innstillast medan politiet fekk dei ut av lokalet.

Sju personar som vart arrestert i samband med aksjonen har til saman fått 118.000 kroner i bot. For fire av dei inkluderte beløpet òg ein annan aksjon, der dei limde seg fast til Noregs Bank.

(©NPK)