Rettssaka etter Brussel-terror skal gå neste år

Dei sikta etter bombeangrepa i Brussel i 2016 skal bli stilt for retten i 2020. Rettssaka skal føregå i det tidlegare NATO-hovudkvarteret.
utenriks

Det opplyser Belgias justisminister Koen Geens fredag. Nøyaktig dato er ikkje bestemd.

Ekstremistgruppa IS har tatt på seg ansvaret for angrepet, som tok livet av 32 personar og såra over 340 andre 22. mars 2016. To sjølvmordsbombarar utløyste bomber på flyplassen i byen, medan ein tredje ramma ein T-banestasjon kort tid seinare.

Totalt er 12 personar er sikta for medverknad til angrepet.

Etterforskarar meiner angrepet var bestilt av militante grupperingar i krigsherja Syria og at eit fransk og belgisk team med jihadistar planla det.

Gruppa har òg vorte kopla til terrorangrepet i Paris 13. november 2015, der 130 personar vart drepne.

(©NPK)