Trumps arbeidsminister går av

USAs arbeidsminister Alexander Acosta går av. Årsaka er stormen rundt eit forlik han som statsadvokat inngjekk med milliardæren Jeffrey Epstein i 2008.
utenriks

– Eg ringde presidenten i dag tidleg og sa at eg trur at det rette er å tre av, sa Acosta under ein pressekonferanse fredag.

I fleire dagar har arbeidsministeren vore hardt pressa etter at det er komme fram nye opplysningar om det 11 år gamle forliket.

Forliket dukka opp igjen etter at Epstein nyleg vart sikta for menneskehandel og seksuell utnytting av mindreårige jenter.

Avtalen Epstein og Acosta inngjekk innebar at fleire alvorlege tiltalepunkt som kunne gitt Epstein ein livstidsdom, vart lagt vekk, og han unngjekk ein føderal tiltale.

66-åringen slapp unna med å sone 13 månader i fengsel etter å ha tilstått å ha brote lova i Florida ved å skaffe seg seksuelle tenester frå ein person under 18 år.

(©NPK)