India: Sju døde og minst 40 fanga under samanrast bygning

Sju personar er stadfesta omkomne og minst 40 blir frykta fanga under ruinane av ein bygning på fire etasjar som har rasa saman i den indiske storbyen Mumbai.
utenriks

Førebels er berre fem redda ut av ruinane, blant dei to barn, opplyser politiet. Minst 15 familiar budde i huset, og mange er ikkje gjort greie for.

Den nedslitne bygningen i den folkerike bydelen Dongri i Mumbai på den indiske vestkysten kollapsa tysdag i kraftig regnvêr. Folk i nabolaget trur at så mange som 40 personar kan ligge gravlagt i ruinane, medan politiet opererer med langt lågare tal, 10–12 personar er det siste anslaget.

«Dødsfelle»

Redningsarbeidet er svært vanskeleg, sidan dei tronge gatene ikkje tillèt bruk av større maskiner for å fjerne steinmassane. Indisk fjernsyn viser lange kjeder av menneske som sende mursteinar frå hand til hand for å komme til gravlagde.

Den politiske opposisjonen i byen seier at det gamle bygget var ei dødsfelle og at styresmaktene berre vender det døve øyret til. Nærare 500 hus i Mumbai har vorte klassifiserte som farlege og ueigna til bustader.

– Det høyrdest ut som eit jordskjelv, og vi hasta av garde for å finne ut kva som hadde skjedd, seier ein lokal innbyggar til fjernsynsstasjonen NDTV.

Bustadnød

Lokale styresmakter seier at folk for lenge sidan fekk beskjed om å flytte ut då bygningen var falleferdig. Men bustadnøda i Mumbai er stor, og pålegget vart ikkje følgt.

Bygningar og murvegger rasar jamleg saman i India under monsunsesongen. Tidlegare denne månaden døydde 29 personar då ein vegg knelte, også det i Mumbai.

Søndag mista 14 personar livet, blant dei fleire soldatar, då ein bygning kollapsa under kraftig regnvêr i byen Solan nord i landet.

(©NPK)