FN oppmodar Europa til å la 507 migrantar gå i land

FN-organisasjonen UNHCR ber europeiske styresmakter om å la 507 migrantar som nyleg er plukka opp i Middelhavet få komme i land.
utenriks

Det opplyser FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) i ei pressemelding tysdag.

Fleire av migrantane er visstnok overlevande etter skakande overgrep i Libya og er frå såkalla flyktningproduserande land, ifølgje UNHCR.

– Dette er eit kappløp mot tida, seier Vincent Cochetel, som er FNs høgkommissær for spesialutsendinga til flyktningar for Middelhavsregionen.

– La dei legge til kai

Han peikar på at vêrforholda kan endre seg, noko som vil føre til at situasjonen vil bli verre. Det å forlate menneske som har flykta frå krig og vald i Libya på havet, vil berre påføre dei meir liding, meiner FN-utsendinga.

– Dei må umiddelbart få lov til å legge til kai og i tillegg få lov til å få svært nødvendig nødhjelp ved behov, påpeikar han.

Proactiva Open Arms' redningsskip ventar framleis på løyve til å legge til i ei europeisk hamn, og skipet har til saman 151 passasjerar om bord. Det norskeigde redningsskipet Ocean Viking har no over 350 migrantar om bord.

Auka innsats

UNHCR-sjefen oppmodar europeiske styresmakter på det sterkaste til omgåande å skaffe ei tryggingshamn. Han peikar òg på at auka søk- og redningskapasitet i Middelhavet er nødvendig, og at rolla til redningsskip bør bli anerkjent og støtta.

Det vil samtidig vere nødvendig med meir innsats for å flytte menneske ut frå dei valdelege områda i Libya, ifølgje UNHCR. Ingen skal føle at dei treng å risikere livet eller livet til familiemedlemmer for å ta slike risikofylte båtturar på Middelhavet, blir det påpeika vidare.

(©NPK)