A$AP Rocky dømt for vald mot 19-åring i Sverige

Rapparen A$AP Rocky og to andre er i Stockholm tingrett kjent skuldige i vald mot ein 19-åring, men dei slepp både fengsel, bøter og samfunnsstraff.
utenriks

Dei tre er likevel dømde til å betale totalt 12.500 kroner i erstatning til fornærma.

Rapparen, som eigentleg heiter Rakim Mayers, stod saman med to andre amerikanarar tiltalt for å ha slått og sparka ein 19-åring i Stockholm sentrum 30. juni.

Dei tre har hevda at dei handla i nødverje, men vart ikkje trudd i retten. Tingretten slår fast at dei tre utøvde vald mot 19-åringen med slag og spark.

– Dei tiltalte kan ikkje ha trudd at dei var i ein nødverjesituasjon, seier Per Lennerbrant, dommar i saka, under ein pressekonferanse i Stockholms tingsrett onsdag ettermiddag.

Han viser mellom anna til forklaringa til to kvinnelege vitne, som har sagt at det ikkje skjedde noko spesielt før den fornærma vart kasta i bakken.

Trur ikkje glasflasker vart brukte

19-åringen har òg hevda at dei tiltalte slo han i bakhovudet med ei glasflaske og kutta han opp med knuste glasflasker. Det har alle tre tiltalte nekta for.

– Etterforskinga har sprikt på dette punktet. Tingretten har komme fram til at det ikkje er bevist at det har vorte brukt glasflasker, seier Lennerbrant.

Fornærma fekk kuttskadar på armen, men tingretten meiner han kan ha fått disse skadane på anna vis under hendinga.

Lennerbrant viser mellom anna til ein video frå angrepet, der ingen av dei tiltalte held noko i hendene.

Slepp bøter, fengsel og samfunnsstraff

A$AP Rocky slepp både fengsel, bøter og samfunnsstraff.

– Tingretten ser ikkje på valden som så alvorleg at fengsel kan vurderast som straffereaksjon, og har derfor landa på ein dom på vilkår. Det er vidare vedtatt at dommen ikkje skal kombinerast med samfunnsteneste, opplyser tingretten i ei pressemelding.

Både artisten og dei andre tiltalte var varetektsfengsla i 31 dagar.

Dei blir derfor heller ikkje ilagt bøter, ifølgje Lennerbrant, som viser til at dette er i tråd med praksisen til høgsterett.

– Skuffa

Dommen er ifølgje advokaten til A$AP Rocky, Slobodan Jovicic, skuffande.

– Vi er skuffa fordi vi hadde håpt på frikjenning, seier Jovicic på ein pressekonferanse etter at dommen hadde falle.

Han understreka at skuffelsen hovudsakleg er knytt til at retten ikkje har akseptert forklaringa om nødverje.

Forsvararen påpeika likevel at retten ikkje har funne bevis for at A$AP Rocky har handla i samansverging med resten av dei tiltalte og heller ikkje har funne bevis for at han eller dei andre tiltalte har nytta noka flaske.

Sjølv om forsvararen uttrykte skuffelse over dommen, var han likevel hundre prosent sikker på at rapparen ville komme tilbake til Sverige.

– Eg veit at han kjem tilbake, seier forsvararen.

Forsøk på storpolitikk

Hendinga fann stad utanfor ein hamburgarrestaurant i Stockholm. Rapparen og dei to andre amerikanarane har forklart at dei handla i sjølvforsvar, og at 19-åringen slo livvakta til rapparen. 19-åringen har forklart at han trudde han skulle døy då han vart banka opp av rapparen og vennene hans.

Saka har skapt stor interesse verda over, spesielt etter at USAs president Donald Trump engasjerte seg. Trump har nærast prøvd å gjere den til storpolitikk ved at han mellom anna ringde Sveriges statsminister Stefan Löfven og bad om at A$AP Rocky måtte setjast fri. Den svenske statsministeren svarte at det svenske rettsvesenet er uavhengig.