Flytrafikken går igjen i Hongkong

Etter to dagar med til dels kraftige demonstrasjonar på Hongkongs internasjonale flyplass, opna trafikken igjen onsdag morgon.
utenriks

Etter to dagar med fleire hundre kanselleringar og utsetjingar, opna flyplassen i Hongkong igjen onsdag morgon, lokal tid. Etter at opptil 5.000 demonstrantar har blokkert både avgangs- og ankomsthallen ved flyplassen i to dagar, var framleis eit trettital igjen i bygningen onsdag, men innsjekk og flyavgangar gjekk som normalt.

Demonstrasjonane starta i helga med ein sitt-ned-aksjon blant dei fleire tusen som protesterer mot byregjeringa i Hongkong og eit lovforslag om å utlevere straffedømte til Kina.

Tysdag tok politiet i bruk batongar og peparspray etter at demonstrantane gjekk laus på to personar dei skulda for å vere hemmelege kinesiske agentar.

(©NPK)