New Zealand vedgår at terrorsikta fekk sende brev frå fengselet

Styresmaktene i New Zealand vedgår at mannen som er sikta for terroren mot to moskear, fekk sende brev frå fengselet som vart posta på nettsida 4chan.
utenriks

Høgreekstremisten Brenton Tarrant (28) sende brevet til ein støttespelar som er busett i Russland. Brevet vart seinare posta på nettforumet 4chan, som er populært blant høgreekstremistar.

Brevet vart sendt etter at terrorsikta Philip Manshaus (21) tok seg inn i Al-Noor Islamic Centre på Skui i Bærum og byrja å skyte. Nettaktiviteten hans tyder på at han var inspirert av Tarrant.

Innrømmer feil

– Etter ein gjennomgang erkjenner vi at dette brevet skulle vore halde tilbake. Vi har gjort endringar knytt til posten til den sikta for å forsikre oss om at våre rutinar er så effektive som dei må vere, heiter det i ei fråsegn frå styresmaktene i New Zealand.

Innhaldet i det handskrivne brevet verkar ifølgje nyheitsbyrået AP relativt harmlaust, men det åtvarar mot at ein «stor konflikt» er på veg, og brevet kan tolkast som ei oppfordring om å ta til våpen.

51 menneske vart skotne og drepne og nesten like mange såra i terrorangrepet, som skjedde 15. mars i Christchurch. I eit rettsmøte i juni erkjente ikkje Tarrant skuld etter siktinga.

Ikkje-person

New Zealands statsminister Jacinda Ardern har tidlegare uttalt at ho aldri skal ytre namnet til gjerningsmannen offentleg, fordi ho ikkje vil gi han merksemda han ønsker.

Opposisjonen i landet har kravd svar frå styresmaktene etter at det vart kjent at Tarrants brev vart posta på 4chan.

Saka mot Tarrant er fastsett til 4. mai neste år, og det er sett av seks veker. Tarrant sit i varetekt, og det er planlagt eit nytt fengslingsmøte onsdag. Retten har godkjent førespurnaden til forsvararane om at Tarrant skal få sleppe å møte opp.

(©NPK)