Reuters: ExxonMobil vil ut av Nordsjøen

ExxonMobil vil selje delane sine på britisk sokkel i Nordsjøen, ifølgje Reuters. Dermed kan selskapet vere på veg bort frå Nordsjøen etter 50 år med virke.
utenriks

ExxonMobil er det største uavhengige energiselskapet i verda og har dei siste vekene konferert med fleire operatørar i Nordsjøen for å lodde interessa for verdiane sine, opplyser ikkje namngitte kjelder til nyheitsbyrået Reuters.

I slutten av juni vart tilsette i ExxonMobil Noreg informert om at selskapet har starta arbeidet med å selje eigardelane sine på norsk sokkel.

ExxonMobil, som har hovudkvarter i byen Irving i Texas, opererer i britisk sektor i samarbeid med Royal Dutch Shell. Saman har dei to interesser i rundt 40 olje- og gassbrønnar. Exxon produserer i dag rundt 80.000 fat olje og 441 millionar kubikkfot gass dagleg i britisk sektor, ifølgje eigne heimesider.

Følgjer dei andre

Dersom Exxon gjer alvor av å trekke seg ut av Nordsjøen, følgjer selskapet i fotspora til dei amerikanske konkurrentane Chevron og ConocoPhillips, som tidlegare i år selde unna nesten alle delane sine.

Moglege kjøparar kan vere store, privatfinansierte Nordsjø-produsentar som Chrysaor eller Neptune. Dette er selskap som i seinare år har kjøpt opp delar av veteranprodusentar i Nordsjøen.

Det blir sett på som vanskeleg å fastsetje verdien på Exxons delar i Nordsjøen sidan mange felt og mykje infrastruktur er ved slutten av livsløpa sine og står føre demontering og eventuell fornying. Dette er ein kostbar prosess som kan forseinke inntekter med mange år.

Skiferolje

Exxon sel seg ut for å satse på skiferolje i USA og nye prosjekt i andre delar av verda, som Guyana, Papua Ny-Guinea, Brasil og Mosambik.

ExxonMobil selde tilbake i 2017 sine eigenopererte felt på norsk sokkel. No ønsker selskapet å selje resten av verksemda si i Noreg.

Ifølgje Dagens Næringsliv kan selskapets eigardelar på norsk sokkel vere verd opptil 34 milliardar kroner. Dersom det endar med eit sal, vil det kunne skje før nyttår med eventuell avhending innan andre kvartal neste år.

ExxonMobil fekk tildelt den aller første lisensen på norsk sokkel og har i dag eigarinteresser i 20 produserande felt på norsk kontinentalsokkel.

(©NPK)