Skogbrann i Hellas er delvis under kontroll

Brannmannskap har delvis fått kontroll på skogbrannen som har herja på øya Evia i Hellas, men det er likevel framleis stor fare for at han kan blusse opp.
utenriks

Det fortel den statlege nyheitskanalen ERT onsdag.

Sju fly og ni helikopter har bidratt for å få kontroll på brannen. To av flya vart sende frå Italia etter at Hellas spurde EU om hjelp i arbeidet med å få kontroll over og sløkke fleire skogbrannar som herjar fleire stader i øyriket.

– Situasjonen er betre, men enkelte stader held brannen fram å blusse opp, seier ein talsperson for brannvesenet til statskanalen.

Hundrevis av brannmenn og frivillige har jobba gjennom natta for å hindre brannen, som strekker over 11 kilometer, å spreie seg til busetnad på øya Evia.

Høg varme og ekstremt tørre forhold kombinert med kraftige vindar har gjort det umogleg å få kontroll på fleire av skogbrannane. Verst ramma er Evia, der ein heil furuskog stod i brann med flammar opptil 30 meter opp i lufta tysdag. Ein nærliggjande landsby vart evakuert som følgje av brannen.

– Det er ein enorm økologisk katastrofe i ein unik, urørt furuskog, seier fungerande regionguvernør Costas Bakoyannis.

Statsminister Kyriakos Mitsotakis avbraut tysdag ferien sin for å bli orientert om situasjonen.

Også på Kypros og sør i Bulgaria har det brote ut kraftige brannar

Det er ikkje uvanleg med kraftige brannar i Hellas i sommarmånadene. I fjor omkom over 100 personar i Aten-området som følgje av brannar.



(©NPK)