Svenske arrestert for eksplosjonen ved Skattestyrelsen – éin mistenkt på frifot

Ein 22 år gammal svensk statsborgar er arrestert, sikta for eksplosjonen ved Skattestyrelsen i København. Ein annan svenske er etterlyst internasjonalt.
utenriks

Det opplyser dansk politi på ein pressekonferanse onsdag om eksplosjonen førre veke.

Det er ein 23 år gammal svensk mann som er på frifot, ifølgje politisjef Jørgen Bergen Skov.

Begge er sikta i samband med eksplosjonen ved Skattestyrelsen.

Skov understrekar onsdag at denne eksplosjonen ikkje blir knytt til ei liknande hending ved den lokale politistasjonen på Nørrebro i København natt til laurdag.

(©NPK)