Amerikansk kongresspolitikar avviser tilbod om å reise til Israel

Den amerikanske kongresspolitikaren Rashida Tlaib, som først vart nekta innreise til Israel, avviser eit nytt tilbod om å besøkje familie på Vestbreidda.
utenriks

Tlaib omtaler vilkåra som Israel har sett for besøket, som undertrykkjande og audmjukande.

– Eg har bestemt meg for at det å besøkje bestemora mi under desse undertrykkjande vilkåra, går imot alt eg trur på – å kjempe mot rasisme, undertrykking og urettferd, skriv Tlaib på Twitter.

I ei kunngjering frå Israels innanriksminister Aryeh I det fredag står det at Tlaib, som har palestinske foreldre, skal kunne gjere eit «humanitært besøk til bestemora» på den israelskokkuperte Vestbreidda. Men Israel krev at politikaren ikkje fremmar boikott av Israel under besøket.

Dei amerikanske kongresspolitikarane Rashida Tlaib og Ilhan Omar hadde planlagt å komme Tel Aviv søndag.

Men torsdag kom beskjeden om at begge vart nekta innreise, kort etter at USAs president Donald Trump skreiv på Twitter at Israel ville «vise stor svakheit» viss dei to kvinnene fekk innreiseløyve.

Sende brev

Tlaibs avvisning kjem etter at ho tidlegare sende eit brev til den israelske regjeringa, der ho lova å respektere restriksjonar.

– Eg vil be om å få komme inn i Israel for å besøkje slektningane mine og særleg bestemora mi, som er over 90 år gammal og som bur i Beit Ur al-Fouqa, gav Jerusalem Post att frå brevet Tlaib har skrive til innanriksministeren.

– Eg vil respektere alle eventuelle restriksjonar og vil ikkje fremje boikott av Israel under besøket, står det vidare.

Sterk kritikk

Dei to kongresspolitikarane er uttalte kritikarar av Israels okkupasjon og politikk overfor palestinarane. Omar har kalla innreisenekten for ei krenking av demokratiske verdiar.

Leiande demokratar som Nancy Pelosi, Chuck Schumer, Elizabeth Warren og Bernie Sanders har òg reagert svært sterkt.

Sanders meiner Trumps angrep på dei to muslimske kongressmedlemmene er avskyeleg. Han understrekar òg at det må vere lov å kritisere politikken til Israels statsminister Benjamin Netanyahu utan å bli skulda for å hate jødar, slik Trump har gjort.

– Å vere imot Netanyahus politikk er ikkje «å hate det jødiske folket». Vi må stå saman mot dei som fremmar hat og rasisme i Israel, Palestina, USA og overalt, skriv Sanders, som kjempar for å bli presidentkandidaten til Demokratane, på Twitter.

(©NPK)