Bolsonaro langar ut mot Noreg etter stans i regnskog-støtte

– Noreg har ikkje noko å lære oss, seier Brasils president Jair Bolsonaro etter den norske avgjerda om å halde tilbake støtte til bevaringa av Amazonas.
utenriks

Avskoginga i den brasilianske delen av Amazonas har auka kraftig etter at sterkt høgreorienterte Bolsonaro tok over som president.

I tillegg meiner den norske regjeringa at Brasil har brote delar av avtalen som dannar grunnlag for samarbeidet med Noreg om bevaring av regnskogen. Noreg held derfor tilbake 300 millionar kroner som Brasil etter planen skulle fått.

Avgjerda vart kjent torsdag, og kort tid etter kom Bolsonaro med krass kritikk av Noreg. Det skriv Dagens Næringsliv, som viser til brasilianske medium som siterer presidenten.

– Noreg, er ikkje det landet som drep kvalar oppe på Nordpolen? Som ulvinner olje der? Dei har ikkje noko å lære oss, sa Bolsonaro.

Han harselerte òg med Tyskland, som til liks med Noreg har gitt Brasil økonomisk støtte til bevaring av regnskogen.

– Ta pengane og hjelp Angela Merkel med å plante skog i Tyskland, sa den brasilianske presidenten.

Det norsk-brasilianske samarbeidet om bevaring av Amazonas har gått føre seg i over ti år. Avskoging i regnskogområde fører til store utslepp av klimagassar i tillegg til tap av dyre- og plantearter.

(©NPK)