Gatekampar i Kashmir i det FN innleidde sjeldan møte

Gatekampane rasa i storbyen Srinagar i indiskkontrollerte Kashmir i det FNs tryggingsråd innleidde det første møtet om konflikten på 50 år.
utenriks

Fleire hundre demonstrantar prøvde fredag å marsjere gjennom byen, men vart møtt av store politistyrkar, som prøvde å spreie folkemengda med tåregassgranatar og våpen ladd med hagl, ifølgje AFPs reporter på staden.

Demonstrantane svarte med å kaste stein, medan dei brukte plankar frå butikkar og blikkplater som skjold.

– Vi prøver å bryte omleiringa og marsjere til sentrum, men politiet bruker makt for å stanse oss, sa ein av demonstrantane.

Den kraftige opptrappinga i den over 70 år lange konflikten har skjedd etter at indiske styresmakter tidlegare i august vedtok å setje sjølvstyret til side i delstaten Jammu og Kashmir, som er den einaste regionen i India der muslimar er i fleirtal.

Trump og Kahn

Møtet på fredag i FNs tryggingsråd er det første sidan 1972 som omhandlar konflikten om Kashmir.

Det byrja omtrent samtidig som Pakistans statsminister Imran Khan snakka med USAs president Donald Trump på telefon. Her skal Khan ha uttrykt bekymring for dei indiske handlingane, ifølgje Pakistans utanriksminister Shah Mehmood.

Han kallar diskusjonen for god og seier at Trump og Khan har bestemt seg for å halde tett kontakt.

I juli lanserte Trump seg som ein mogleg meklar i konflikten mellom dei to atommaktene. Ifølgje Trump kom førespurnaden frå den indiske statsministeren Narendra Modi, men det avviste Modi.

Fleire krigar

Kashmir har vore delt mellom Pakistan og India heilt sidan den britiske kolonimakta forlét India og landet vart delt i 1947. Like lenge har Kashmir vore ein verkebyll som har ført til tre krigar og mange samanstøyt mellom dei to landa. I 1948 vart det vedtatt ein FN-resolusjon der det blir fastslått at det skal haldast ei folkeavstemming om Kashmirs framtid, men India har i alle år setje seg imot dette.

Tidlegare i år var konflikten igjen nær ved å utarte i ein fullskala krig etter at ei opprørsgruppe med base i Pakistan gjennomførte eit angrep mot styrkar i den indiskkontrollerte delen av Kashmir.

Fredag vart det òg meldt om samanstøyt fleire andre stader i Kashmirdalen, som lenge har vore ein årestad for grupper som vil lausrive området frå India eller gjere det til ein del av Pakistan.

Strengt portforbod

Det er framleis portforbod i ei rekkje byar i dalen, noko som betyr at innbyggjarane må ha spesielle løyve for å kunne bevege seg ute. Indiske styresmakter har lagt ned forbod mot alle folkesamlingar, og dei fleste moskeane var stengde for andre fredag på rad.

Det var 5. august at indiske styresmakter oppheva ein grunnlovsparagraf som sikra delstaten Jammu og Kashmir stor grad av sjølvstyre og spesielle rettar. Portforbodet vart innført, og telefon og internett vart stengd. Fredag hadde jerngrepet til den indiske hæren vart i tolv dagar. Rundt sju millionar menneske har vore omfatta av portforbodet.

Indiske tenestemenn har opplyst at styresmaktene vil byrje å rette opp igjen fasttelefonsambandet fredag kveld, og at skulane skal gjenopnast måndag.




(©NPK)