Nederlandsk prinsesse er død

Prinsesse Christina av Nederland døydde fredag etter å ha kjempa mot kreft. Ho er den yngste systera til Beatrix, som var monarken i landet fram til 2013.
utenriks

Maria Christina, prinsessa av Oranien-Nassau, vart fødd i 1947 og var den fjerde dottera til dronning Juliana og prins Bernhard.

– Vi er i sorg over dødsfallet til den kjære systera vår og tante, opplyser kongehuset.

– Christina hadde ein tydeleg personlegdom og eit stort hjarte. Vi set pris på dei fantastiske minna vi har av henne, seier kong Willem-Alexander, dronning Maxima og prinsesse Beatrix i ei felles melding.

Prinsesse Christina vart fødd nærast blind. Ho utvikla ein stor kjærleik for musikk og song, og levde eit liv utanfor kongehuset. Ho gifta seg med den cubanske læraren Jorge Guillermo i 1975 og sa frå seg plassen i arverekkja. Dei fekk tre barn saman før dei skilde seg i 1996.

Statsministeren i landet Mark Rutte hugsar prinsessa som ein «varm personlegdom» og gir uttrykk for sorg i ei pressemelding.

(©NPK)